Kari Bremnes er ein av dei songarane som stod mykje på scena saman Erik Bye, og som også møtte han i god stemning på Theatercafeen midt i Oslo. I biografien om Erik Bye står fylgjande om korleis ho opplevde det: «Var det naud til å taka det der? Var det ikkje mogeleg å finne ein mindre offentleg stad?» Erik Bye fann ein annan offentleg stad då han kom til Morgedal for å vera programleiar for ein korgfest. Festhelga var eg heime hjå foreldra mine i Morgedal, og vi sat i salen for å oppleva Erik Bye i eigen person på scena. For mange i salen kom det som eit sjokk at den kjende TV-stjerna stilde opp i så påfallande god stemning! 

I Vest-Telemark Blad for 22. desember 2012 står eit intervju med Margit Bjåland, som var leiar i Ungdomslaget i Morgedal og som hadde invitert Erik Bye til korgfest. Eit hovudinnslag på festen var eit intervju med spelemannen Jørgen Tjønnstaul. Vi som hadde vore med på å få Tjønnstaulen invitert hadde håp om at Erik Bye skulle «oppdage» han, men der blei vi skuffa. Tjønnstaulen levera som bestilt på scenen, men om Erik Bye var det nok somme som tenkte som Kari Bremnes!

Spelemannen fekk skyss frå Rauland med far min for å møte Erik Bye, og budde heime hjå foreldra mine til neste dag. Tjønnstaulen hadde spela seg opp til det store møtet, og vel heime hjå oss ville han gjerne at eg bruka kassettopptakaren min utover natta. Eg har stadig opptaket med felespelet frå denne natta i Morgedal - sudbo.no/Korgfest-i-Morgedal/felespel.MP3